Signatur er revidert. Klikk for å gå til nye verksider.
Du er her: Hovudsida  >  Signatur 3  >  Signatur 3  >  Arbeidsopplegg  >  Spor i ord
   
  Å bruke Signatur 3
 
Arbeidsopplegg
 
Lærarressursar
 

Spor i ord

Spor i ord er ein oppgåvetype som kan brukast både munnleg og skriftleg. Ideen er enkel: Elevane får utlevert utdrag av skjønnlitterære tekstar. Ut frå kunnskapen sin om litteratur og språk skal dei resonnere seg fram til kva for tekst det er, og kven som er forfattaren. Dei kan få ekstrapoeng om dei kan plassere teksten inn i ein vidare litteratur- eller språkhistorisk samanheng. Læraren kan organisere konkurransar i klassen mellom forskjellige lag og vere dommar som set poeng.

Vi har her laga fire oppgåvesett med tekstar frå tekstsamlinga til Signatur 3. Elles er det moglegheiter for læraren til sjølv å lage liknande oppgåver på ulikt nivå.