Signatur er revidert. Klikk for å gå til nye verksider.
Du er her: Hovudsida  >  Signatur 3  >  Signatur 3  >  Arbeidsopplegg  >  Wergeland
   
  Å bruke Signatur 3
 
Arbeidsopplegg
 
Lærarressursar
 

Wergeland, eit universalmenneske

Bli kjent med Henrik Arnold Wergeland (1808-1845)

Henrik Wergeland dukkar opp i fleire kapittel i læreverket Signatur. Både som romantikar i «Litterære utviklingsliner», som nasjonsbyggjar i «Førestellingar om det norske før og etter 1814» og som ein forkjempar for den moderne samfunnsutviklinga i «Det moderne prosjektet». Han er mangesidig og høyrer heime i ulike samanhengar. For å få eit meir samla bilete av Wergeland, må ein sjå nærare på kva han stod for.

«Glem ikke stjernene! Glem ikke blomsten! Glem ikke ormen i støvet!» seier Wergeland. Dette samanfattar mykje av både det diktariske programmet hans og synet på verda. Han er oppteken av blomsten i så mange samanhengar, men ikkje minst med romantikarens blikk for det skjønne. Han ser mot stjernene og det åndelege over oss. Wergeland er i høg grad ein metafysikar som trur på dei åndelege elementa i tilværet. Omsorga for ormen i støvet kan stå som eit bilete på omsorga for dei lågaste i samfunnet, dei fattige og dei forfølgde. Men det kan òg vere eit uttrykk for kjærleiken til alt det skapte, òg ormen.

Samtidig som Wergeland er forankra i si tid når det gjeld å lovprise kjensler, natur og himmelske krefter, er han òg på mange måtar langt føre si tid. Det gjeld blant anna hans politiske, religiøse og moralske idear.
Meir om Wergelands liv og dikting kan du finne på www.wergeland2008.no.