Nettavis
Ta for deg ei nyheitssak og sjå på korleis minst tre ulike nettavisar framstiller ho. Ting å notere seg:
- Plassering på sida
- Tekstmengde
- Biletebruk
- Overskrift
- Objektivitet i framstillinga
- Tal på journalistar som er på saka
- Språk (Er teksten lett forståeleg? Eller er han vanskeleg med bruk av mange framandord og fagtermar?)
- Er det noko bakgrunnstoff eller lenkjer til andre sider tilgjengeleg?
Lag ein presentasjon av funna dine. Vis gjerne eksempel frå nettavisene du har valt.
Her er nokre nettaviser du kan undersøkje:
www.nettavisen.no
www.bt.no
www.vg.no
www.klassekampen.no
www.aftenposten.no
www.nordlys.no
www.na24.no
www.dagogtid.no