Signatur er revidert. Klikk for å gå til nye verksider.
Du er her: Hovudsida  >  Signatur 3  >  Signatur 3  >  4 (Samansette tekstar)   >  Oppgåver  >  Frå bok til film  >  Liten knute
   
  Kap 4: SAMANSETTE TEKSTAR
 
Oppgåver
 
Lærarressursar
 
Ressursbank
 
Lydbok
 

Liten knute

Filmen «Liten knute» av Kjersti G. Steinsbø er bygd på ei novelle av Gunnhild Øyehaug med same namn. Lytt til novella og sjå deretter filmen (heile filmen finst i lærarressursen).

Ein regissør må velje seg ein måte å fortolke teksten som skal filmatiserast. Dersom du lytta til novella før du såg filmen, oppdaga du kanskje at personane i filmen ikkje var slik du hadde sett dei for deg. Når ein tekst blir gjord om til film, er det også fleire andre val som må takast.
  1. Opptakta i filmen og innleiinga i novella er ulike. Kva er ulikt? Kvifor trur du filmen har valt å starte på ein annan måte enn det novella gjer?
  2. I novella er synsvinkelen annleis enn i filmen. Kva oppnår filmskaparen med å la Kåre ha forteljarstemma i filmen? Er det sider ved novella som ikkje kjem fram når det blir gjort slik?
  3. Filmen har høve til å bruke lys og lyd som verkemiddel. I filmen er lysa på fødestova på heile tida medan legane, jordmora og faren prøver å skilje mor og barn. Etter at dei har gitt opp, blir lysa sløkte eitt etter eitt, heilt til det berre er éin lysstråle att som lyser ned på mor og barn. Kva slags effekt oppnår filmskaparen med å gjere det slik? Finn døme på fleire stader der lyd eller lys er brukte som verkemiddel.
  4. Likte du filmversjonen eller novelleversjonen av «Liten knute» best? Grunngi svaret.