Signatur er revidert. Klikk for å gå til nye verksider.
Du er her: Hovudsida  >  Signatur 3  >  Signatur 3  >  12 (Fordjupingsoppgåva)   >  Eksempeloppgåver  >  Valg av oppgåve
   
  Kap 12: FORDJUPINGSOPPGÅVA
 
Eksempeloppgåver
 
Lærarressursar
 
Ressursbank
 
Lydbok
 

Om val av fordjupingsoppgåve – nokre tips

Kapittel 12 i Signatur 3. Studiebok inneheld nødvendig informasjon om fordjupingsoppgåva. Der står også fleire forslag til emne og problemstillingar. Her har vi samla nokre fleire forslag og tips som supplement til lærebokteksten, ikkje minst ei rekkje gode nettsider som kan gi deg idear og forslag til fordjupingsoppgåve.

Å velje tema og problemstilling
Same kva du gjer, må du avklare fordjupingsoppgåva med norsklæraren først, det er han eller ho som godkjenner temaet og problemstillinga!

Typiske emne for fordjupingsoppgåva
  • Forfattarskap (Austen, Ibsen, Skram, Renberg)
  • Tema/emne innanfor skjønnlitteraturen (barndom, kvinnerolla, kulturelt mangfald, valdtekt, mobbing, krig, humor)
  • Sjanger (teikneseriar, fantasy, krim osv.)
  • Epoke/retning (realismen, romantikken, modernismen osv.)
  • Film/bok (frå bok til film)
  • Språkhistorie
Nesten same kva slags fordjupingsoppgåve du vel å skrive, har du behov for å samanlikne på ein eller annan måte. Tenk på dette før du startar lesinga.

Forfattarskap
Dersom du vel ein forfattarskap, er det greitt å undersøkje kor mykje sekundærlitteratur (litteratur om forfattaren og det han eller ho har skrive) som finst om forfattaren, og kanskje på kva slags språk, dersom du er avhengig av det.

Klassikarane finst det mykje sekundærlitteratur om, medan det finst lite til dømes om mange ungdomsbokforfattarar eller nye forfattarar.

Avklar kor viktig det er for oppgåva at du finn sekundærlitteratur eller ikkje.

Kva skal eg skrive om?
Ønskebok.no er ein artig måte å søkje etter bøker på, basert på lesarane sine eigne erfaringar og personlege val. I tradisjonelle bokdatabasar må du kunne namnet på forfattaren, tittelen på boka eller kva for ein sjanger du er på jakt etter. Med ønskebok.no kan du i staden velje bok etter andre mål, til dømes tradisjonell eller uvanleg, optimistisk eller trøysteslaus, morosam eller alvorleg osv.

Dette er ei temaliste med forslag om emne det går an å skrive om (frå Stavanger Bibliotek).

Temalitteratur (Deichman) – temalister og utvalde forfattarskapar, litt meir avansert.

Filmatiserte bøker

Her finn du ein del lister over filmatiserte bøker:

Liste frå Bergen Offentlige Bibliotek over norske bøker og filmar.

Liste frå Trondheim folkebibliotek.

Liste frå Deichmanske bibliotek – filmatiserte ungdomsbøker.