Signatur er revidert. Klikk for å gå til nye verksider.
Du er her: Hovudsida  >  Signatur 3  >  Signatur 3  >  Eksamen ()   >  Skriftleg eksamen  >  Kortsvaroppgåva
   
  Skriftleg eksamen
 
Eksamensoppgåver
 

Kortsvaroppgåva

HER FØLGJER NOKRE DØME PÅ OPPGÅVER SOM ER GITT.

A Vedlegg: «Rose» av Marie Takvam

Formuler tema og gjer greie for nokre sentrale verkemiddel og den funksjonen dei har i diktet.

B Vedlegg: «Eg har fått vite at ein kjenning brått er død» av Jon Fosse, 1994

Gjer greie for nokre sentrale verkemiddel og den funksjonen dei har i teksten.

Jon Fosse
Eg har fått vite at ein kjenning brått er død

Det er mørk haustkveld, vind, regn, eg har vore heime i helga, skal
reise attende til hybelen. Eg bur på loftet i eit gammalt uthus. Når
eg kjem fram, skal eg setje på omnen, så skal eg kanskje skrive
litt. Eg har fått ei gammal skrivemaskin av far min og det hender
at eg sit og skriv. Eg står i vegkanten saman med nokre andre ung-
dommar og ventar på bussen. Vegen er svart. Vinden, regnet.
Kanskje køyrer ein bil forbi på vegen. Eg høyrer bølgjene slå mot
fjøra. Eg går på gymnas. Eg bur på hybel. Eg er redd. Eg skal
skrive. Eg ser etter lysa frå bussen.

Frå Prosa frå ein oppvekst, 1994


KVA SKAL DU GJERE?
Du blir beden om å skrive ein tekst som har norskfagleg innhald. Han skal innehalde rundt 250 ord. Dei oppgåvene som har vore gitt til no, har vore knytte til eit tekstvedlegg. Oppdraget har vore å lese teksten, for så å peike på verkemiddel eller tema.


VIKTIG Å HUGSE PÅ
Slike oppgåver har som regel fleire delar. Her blir du i begge oppgåvene beden om å gjere greie for nokre sentrale verkemiddel i teksten. I tillegg skal du kome inn på kva slags funksjon dei har. Det er viktig å svare på begge delar. Samtidig er det ikkje ein fullstendig analyse du blir beden om å gjere. Det står at du skal peike på nokre verkemiddel. I teksten «Rose» skal du også formulere temaet.

Dette seier sensorrettleiinga om denne typen oppgåver:
Oppgåva er knytt til ein kort tekst [...], og tekstforståing og kunnskap om tolking av tekst skal honorerast. Men kortsvaroppgåva ber om ei kortfatta utgreiing, ikkje om ei fullstendig litterær tolking. Sensorane må merke seg at oppgåva ber eksaminanden om å gjere greie for nokre sentrale verkemiddel.


TIPS
Hugs at teksten din (oppgåvesvaret) skal fungere sjølvstendig. Bruk heile setningar når du skriv, ikkje berre stikkord eller brotstykke, slik ein ofte gjer når ein svarer på kortare oppgåver. Du bør ha eit par innleiande linjer der du til dømes kort presenterer teksten du skriv om. Gå så rett laus på det oppgåva bed deg om. Formuler temaet kort og presist. Finn verkemiddel som er brukte, og skriv nokre linjer om kva dei gjer med teksten. Hugs å lage ei lita avrunding på oppgåva di. Det kan vere ein slags konklusjon eller ein kommentar til innhaldet eller temaet.


DØME PÅ KORLEIS DU KAN SKRIVE EI KORTSVAROPPGÅVE

Vedlegg: «Eg har fått vite at ein kjenning brått er død» av Jon Fosse, 1994

Gjer greie for nokre sentrale verkemiddel og den funksjonen dei har i teksten.

Teksten «Eg har fått vite at ein kjenning brått er død» er skriven av Jon Fosse og blei utgitt i 1994. Det er ein kort episk tekst der vi opplever tankane til ein eg-person. Overskrifta tyder på at handlinga går føre seg like etter at denne personen har fått vite at ein kjenning nettopp er død.

Det er kjenslene til eg-forteljaren som er det sentrale. Dei aller fleste setningane begynner med «eg», noko som gjer at lesaren opplever teksten som eit uttrykk for den sinnsstemninga som eget er i. Vi får eit inntrykk av eit eg som er prega av det som har skjedd, åleine og på veg til ein einsam hybel. Intensiteten i teksten aukar mot slutten. Setningane blir kortare, og alle begynner med «eg».«Eg bur på hybel. Eg er redd. Eg skal skrive. Eg ser etter lysa på bussen». Oppattakingane understrekar det å føle seg åleine i ein
vanskeleg situasjon.

Ordvalet skaper eit inntrykk av korleis personen har det. Skildringar som «mørk», «vind», «regn», «svart» og «redd» er alle med på å skape ei dyster stemning. Eget snakkar om ein skrivemaskin og at han skal skrive. Kommentaren gir oss ei kjensle av at han treng å få sett ord på noko – kanskje sorga over den som er død.

Overskrifta er viktig for at lesaren skal forstå kva Fosse skriv om. Den dystre skildringa blir sett inn i ein samanheng, og det gir den korte teksten eit innhald langt utover dei orda som står der.