Signatur er revidert. Klikk for å gå til nye verksider.
Du er her: Hovudsida  >  Signatur 3  >  Signatur 3  >  2 (Retorikk)   >  Oppgåver  >  Nettoppgåver  >  Nina Karin Monsen og Fritt Ord-prisen 2009
   
  Kap. 2: RETORIKK
 
Oppgåver
 
Lærarressursar
 
Lydbok
 

Nina Karin Monsen og Fritt Ord-prisen 2009


Kvar vår deler institusjonen Fritt Ord ut ein pris til ein person som har verna om og styrkt ytringsfridommen i den norske offentlege debatten det siste året. 5. mai 2009 fekk filosofen Nina Karin Monsen prisen for dette året for engasjementet i debatten omkring den kjønnsnøytrale ekteskapslova (som blei sett i verk 1.1.2009).

Monsen hevdar at den nye lova likestiller «kristne heterofile ektepar med homofile par, og ikkje omvendt», og ho meiner dessutan at lova «tilsidesetter barns rett til far, arv og navn». Ho forsvarer den kristne heterofile kjernefamilien som fundamentet i samfunnet. Monsen møter mykje kritikk, mellom anna frå lesbiske og homofile miljø, som føler seg krenkte, både i spørsmål omkring ekteskap og det å oppdra barn. Homoaktivisten Kim Friele, ein tidlegare vinnar av Fritt Ord-prisen, leverte i protest prisen sin tilbake etter at tildelinga for 2009 blei kjend.

Klipp frå Redaksjon 21.

Spørsmål til klippet frå Redaksjon 21:
  1. Kva slags ordval bruker debattantane Meltveit Kleppa og Sibeko for å uttrykkje kritikk av tildelinga?
  2. På kva måte forsvarer Sejersted og Rossavik tildelinga?
  3. Les kva som står i Grunnlova § 100, og drøft kva de konkret legg i omgrepet «ytringsfridom».
  4. Bør det finnast ei grense for kva vi bør ha lov til å ytre oss om i det offentlege rommet?
« Attende