Signatur er revidert. Klikk for å gå til nye verksider.
Du er her: Hovudsida  >  Signatur 3  >  Signatur 3  >  11 (Modernisme)   >  Oppgåver  >  Nettoppgåver  >  Visualisering og framføring av eit dikt av Rolf Jacobsen
   
  Kap 11: MODERNISME
 
Oppgåver
 
Lærarressursar
 
Ressursbank
 
Lydbok
 

Visualisering og framføring av eit dikt av Rolf Jacobsen


Gå på biblioteket og leit fram diktsamlingar av Rolf Jacobsen eller gå til
"Rolf Jacobsens venner".

Arbeid åleine eller i par. Finn eit dikt du/de har lyst til å jobbe med.
  • Først må du/de fundere over og få ei forståing av innhaldet i diktet.
  • Skaper diktet ei stemning som de ”ser” for dykk? Noter stikkord.
  • Kva for element i diktet kan eigne seg å visualisere? Finn eitt eller nokre få. Hugs at det visuelle produktet ikkje treng å ”fortelje” heile historia som finst i diktet, vel ut ein eller nokre få detaljar som kan representere heilskapen.
  • Vel om du/de vil fotografere sjølv, bruke andre sine bilete, teikne, lage ein installasjon, ein performance eller ein kombinasjon.
  • Bruk fantasien, produser mykje visuelt materiale og vel til slutt ut det som er best eigna til å få fram det sentrale i teksten.
  • Nå må du/de øve på lesinga og korleis det visuelle skal følgje denne. Hugs: Ei god opplesing krev medvet omkring kvar ein legg inn pausar, tempo/temposkift, kva for ord som skal få eit spesielt trykk og tydeleg uttale. Er de to, bør de tenkje over om de skal veksle på å lese. Skal noko lesast i kor? Vil du/de leggje på bakgrunnsmusikk? (Les om opplesing i studieboka på s 16–18.) Kanskje kan de ha nytte av å bruke programvaren Photostory?
« Attende