Signatur er revidert. Klikk for å gå til nye verksider.
Du er her: Hovudsida  >  Signatur 3  >  Signatur 3  >  11 (Modernisme)   >  Oppgåver  >  Nettoppgåver  >  Sergej Djagilev
   
  Kap 11: MODERNISME
 
Oppgåver
 
Lærarressursar
 
Ressursbank
 
Lydbok
 

Sergej Djagilev

Russaren Sergej Djagilev (1872–1929) var ballettsjef og spelte ei nøkkelrolle i europeisk kulturliv på byrjinga av 1900-talet, da stadig fleire kunstnarar fatta interesse for innhaldet og formene i modernismen. Ikkje berre førte han dansen over landegrensene, men han førte saman kunstnarar på tvers av sjangrane i nye produksjonar som kopla dans, teater, musikk, biletkunst og litteratur. Alle samarbeidspartnarane representerte modernismen på ulike vis, og alle hadde eit felles ønske om å finne nye og eigna uttrykk for å skildre den moderne verda.

Bruk Internett og andre hjelpemiddel og lag eit portrett som viser kva Djagilev hadde å seie for europeisk kulturliv. Prøv å finne fram til ulike kunstnarar han samarbeidde med, og finn informasjon om ulike produksjonar han var involvert i.

« Attende