Signatur er revidert. Klikk for å gå til nye verksider.
Du er her: Hovudsida  >  Signatur 3  >  Signatur 3  >  1 (Å lese og lære)   >  Oppgåver  >  Samansette tekstar  >  Skjønnlitterært program
   
  Kap. 1: Å LESE OG LÆRE
 
Oppgåver
 
Lærarressursar
 
Ressursbank
 
Lydbok
 

Skjønnlitterært program

Les sidene 16 og 17 i studieboka. Gå saman i grupper for å arbeide med læreplanmålet om å setje saman og framføre eit avgrensa skjønnlitterært program.
  1. Vel minst to tekstar som på ein eller annan måte kan knytast saman, anten gjennom tema, forfattar, litterær periode, sjanger, felles symbolikk eller eit anna verkemiddel.
  2. Gå grundig igjennom kvar av tekstane og bli einige om korleis de forstår dei kvar for seg.
  3. Finst det ein eigen rytme, klang eller biletbruk som stiller bestemte krav til framføringsmåten? Set dykk inn i fagstoffet, slik at de er i stand til å grunngi dei vala de gjer.
  4. Prøv ut fleire måtar å framføre tekstane på. Dei ulike tekstane krev gjerne at de varierer.
  5. Finn ut korleis programmet skal setjast saman. Kva for rekkjefølgje?
  6. Lag eit kort munnleg forfattarportrett av dei forfattarane de har valt å ta med i det skjønnlitterære programmet.
  7. Vel bilete frå ressursbanken eller eigne bilete som kan illustrere stemninga eller temaet i tekstane. Lag ein PowerPoint-presentasjon av biletet/bileta, som kan vere bakgrunn medan de les høgt.
  8. Førebu og øv på framføringa.
  9. Vis fram det skjønnlitterære programmet.